Vi ber deg spesielt vere merksam på symptoma som feber, sår hals og hoste når du bestiller deg time via ePortal. Dersom du har desse symptomane skal du ringe oss på 70 16 59 80 for avklaring først.
Videokonsultasjon Vi har no teke i bruk videokonsultasjon som eit alternativ til vanleg konsultasjon/legetime. Dette vil vere eit godt alternativ for dei som av ymse grunnar ikkje har høve til å kome seg til legekontoret, dersom det ikkje er problemstellingar som krev undersøking. Ring oss på 70 16 59 80 for å avtale.
Reseptfornying Resept kan du fornye gjennom sjølvbetjeningsportalen, eller ved å kontakte legekontoret i opningstida. For å få tilgang til sjølvbetjeningsportalen, trykk på knappen “Logg på ePortal her” og følg rettleiing, eller les nærare om brukeroppretting i menyen over.
Laboratorie/skiftestue Du treng ikkje å bestille deg time dersom du skal til laboratoriet eller skiftestue. Vi ber deg melde deg/registrere deg i resepsjonen når du kjem. Du må vere her før kl. 15.00. Dersom du skal ta blodprøve på ein fredag, ber vi deg om å møtefør kl. 13.00.
Dersom du skal ta blodprøver som skal sendast til andre sjukehus enn Ålesund, må desse takast mandag, tirsdag eller onsdag pga. posten si leveringsrutine.
Betalingsautomat All betaling skal no gå via betalingsautomat på venterommet. Her kan du nytte vanlig visa kort eller kredittkort. Dersom du ikkje kan betale, vil det automatisk bli sendt ut ein faktura og det vil bli lagt til eit fakturagebyr. All fakturering og innkrevjing blir administrert av Convene. Alle henvendingar vedgåande faktura skal rettast til Convene på telefon 21627300.
Vaksine Ta kontakt med legekontoret dersom du har spørsmål om vaksinasjon (reisevaksine, influensavaksine, m.m.)
Tom Christiansen har konsultasjonar måndag, onsdag og torsdag.
Lars Tore Nerbøvik har konsultasjonar tysdag, torsdag og fredag.
Lene Sloth-Fjordside har konsultasjonar måndag, tysdag, onsdag formiddag og fredag.
Turnuslege har konsultasjonar alle dagar.
Fastlegane har ledige lister og tar gjerne imot nye pasientar. Dette gjer du enten ved å ringe 800 43 573 eller gå inn på https://helsenorge.no/fastlege